Endra intervall for oppfriskingsdose

Illustrasjonsfoto koronavaksinering. Pixabay Oppfriskingsdose for helsepersonell og for deg frå 45 år har fått redusert intervall frå 6 månader til 5 månader.

Endringa er eit tiltak for å sikre at fleire får oppfriskingsdose tidlegare.

Alle i aldersgruppa frå 45 år og eldre får tilbod om oppfriskingsdose før jul, med atterhald om at det er 5 månader sidan 2. dose. 

Bestill time her. Du kan også kome for drop in på følgjande datoar.

Vi ventar på deg som vil ha 2. dose

Om lag 400 personar i Herøy som er over 18 år har ikkje teke 2 dose. Kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen, meiner det er viktig at alle som har utset dette, kjenner si besøkelsestid.

- Desse personane bør bestille seg time for dose to eller kom innom for drop in-vaksinasjon. Denne gruppa har no ein større risiko for å utvikle alvorleg sjukdom på grunn av svekka immunitet. Dessutan er dei meir smitteførande, seier kommuneoverlegen.

Alle over 18 år får tilbod om oppfriskingsdose

Ein reknar med å starte med oppfriskingsdose for aldersgruppa 18 - 44 år i starten av det nye året, så snart dette er godkjent av Folkehelseinstituttet

Vi kjem tilbake meir informasjon om dette seinare.