Endring i tilskotsordninga

Klikk for stort bileteKonsert, idrettsarrangement eller andre tilskipingar innanfor idrett, kultur og frivilligheit kan få kompensasjon på grunn av koronapandemien. Mostphotos Det er gjort endringar i ordninga for tilskot for arrangement eller aktivitetar som er påverka av Covid-19 pandemien. Det kan no søkjast på ordninga, og det er viktig at frivillige lag og organisasjonar får vite om endringane.

Koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av Covid-19 pandemien. Formålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med Covid-19.

Perioden for ordninga er no utvida, og gjeld frå 1. januar til og med 31. oktober 2021. Søkjarar må vere registrerte i Frivilligregisteret.

Kva kan det søkjast om?

Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.

Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter eller kioskinntekter.

Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, kino eller idrettsanlegg.

Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.

Ny søknadsfrist er 15. november 2021. Meir informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordninga finn du på www.lottstift.no.