Er du 18 – 74 år? Registrer deg no!

Klikk for stort bileteKari-Janne Ljones Kulø som er vaksinasjonskoordinator og leiande helsesjukepleiar (t.v.). Her saman med Bjørn Martin Aasen som er kommuneoverlege i Herøy. Iselin Nevstad Øvrelid Vi vil at du som er mellom 18 og 74 år skal registrere deg for koronavaksinasjon på heimesida til Herøy kommune.

Samstundes som at vi frå neste veke startar vaksinasjon for alle over 80 år, førebur vi nemleg vaksinasjon for alle aldersgrupper og risikogrupper, tur etter tur.

Om du registrerer deg allereie no, vert det ein forenkla og meir effektiv prosess for både deg og oss når det er din tur å få tilbod om vaksine. Med enkle tastetrykk vil du sjølv kunne bestille time til vaksinering, der du får tildelt to timar samstundes. Dette er fordi du må få to dosar av koronavaksinen med minst tre veker mellom kvar dose.

Til dei som ikkje ønskjer vaksine

Vaksinen er frivillig, og du kan velje å reservere deg mot vaksinen i dette systemet. Om du vel å reservere deg, så kjem vi ikkje til å varsle deg når det er aldersgruppa di sin tur.

Er det lov å ombestemme seg?

Det er sjølvsagt lov å ombestemme seg, og ein kan då foreta registreringsprosessen på nytt og vi får beskjed om at du likevel ønskjer vaksine.

Du må logge på med BankID eller BankID på mobil. Dei som ikkje har BankID kan ringe koronatelefonen på tlf. 469 06 458 for å få hjelp.

Du kan også hjelpe andre å registrere seg via systemet.

Når registreringa er fullført vil du få ei stadfesting på SMS.

Registrering kan du gjere her.

Er du over 75 år?

Alle over 75 får hjelp til å registrere seg når vi ringer, og treng ikkje om å foreta seg noko. Klarer du likevel å registrere deg for å førebu vaksinasjon, set vi pris på om du gjer det i forkant. Les meir om det her.

Kjem på nynorsk

Registreringssystemet er heilt nytt, og det vert stadig forbetra/utvikla. Det vil vere litt blanding av nynorsk og bokmål ei tid framover, men vi omset så mykje vi kan til nynorsk. Derfor kan det vere litt språkrusk ute og går den første tida.

Takk for at du registrerer deg og hjelper oss med å førebu vaksinasjon for deg og dine.

To ulike registreringar

Vi understrekar at å registrere seg for vaksine er noko anna enn å registrere seg for SMS-varsling som vi tidlegare har informert om. Det er to ulike system.

Vi sender ut SMS-varsel til innbyggjarane i Herøy før vi går over på vaksinering av ei ny aldersgruppe/risikogruppe.

Hald deg også oppdatert på Herøy kommune si nettside om vaksinasjon og koronaviruset her.