Er du helsepersonell og/eller ventar på koronavaksine?

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Pixabay Då veit du kanskje at vi no har tre godkjende koronavaksinar i Noreg. Kva for ein vaksinetype du får når det er din tur, kjem an på leveransane av dei ulike vaksinetypane til Noreg. Det er styrt av norske helsestyresmakter.

Sjå video med kommuneoverlegen her:

Hovudmålet med vaksinasjon mot covid-19 er å redusere risiko for alvorleg sjukdom og død.

- Det er fint at alle dei tre vaksinane som så langt er godkjende, viser seg å vere effektive i denne samanheng, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

I Herøy er det koronavaksinen frå Pfizer/BioNTech vi har fått til no, og berre den. Den andre vaksinen som vart godkjend, nemleg Moderna-vaksinen, går berre ut til dei større byane. I tida framover kan vi likevel vente oss å få leveransar av den tredje godkjende vaksinen her i Herøy, AstraZeneca.

- AstraZeneca-vaksinen har vore diskutert i media den siste tida, og vi vil oppklare ein del påstandar som har kome fram når det gjeld akkurat denne typen vaksine, fortel Bjørn Martin Aasen.

AstraZeneca – er det den som verkar dårlegare?

Studiane som ligg til grunn for godkjenningar av AstraZeneca-vaksinen viser ein effekt på 60 prosent mot mild sjukdom, og vidare svært god effekt mot alvorleg sjukdom. Nyare studiar viser at beskyttelsen kan vere enda høgare, og rundt 76 % allereie etter første dose, noko som er ei svært god grad av beskyttelse mot covid-19.

AstraZeneca-vaksinen er førebels ikkje godkjent for dei over 65 år - kvifor det?

FHI tilrår at AstraZeneca- vaksinen vert nytta til personar i alderen 18 – 65 år fordi godkjenninga byggjer på utprøving i denne aldersgruppa.

Tilrådingane kan sjølvsagt endre seg på eit seinare tidspunkt når ein veit meir om beskyttelse i denne aldersgruppa. Dette er i tråd med tilrådingane i mange andre europeiske land, og betyr eigentleg berre at vi må ha meir forsking før denne gruppa blir tilbydd denne vaksinetypen. Det same gjeld nokre få grupper som har alvorlige underliggande sjukdomar.

Sidan helsepersonell skal prioriterast for å få vaksine, er det sannsynleg at du som jobbar med pasientnært arbeid etter kvart får denne typen vaksine.  Det er venta at Noreg får auka leveranse av AstraZeneca-vaksinen framover. Då vil fleire helsepersonell få vaksinen raskare enn først antatt.

Kan ein kombinere to typar vaksinar?

Ein kan ikkje kombinere vaksinane. Har ein først fått dose ein av Pfizer/BioNTech -vaksine, må ein også ha dose to av Pfizer/BioNTech si vaksine.

Ein har stoppa vaksinering i Sverige med AstraZeneca-vaksinen – kva betyr det?

I Sverige har ein førebels stoppa vaksinering av helsepersonell, og sjølv om det høyres dramatisk ut i media, handlar det berre om at fleire enn venta har fått milde biverknadar og derfor ikkje har klart å gå på jobb grunna feber.

- Det ser ut til at svenske helsestyresmakter ikkje har teke god nok høgde for milde, forbigåande biverknadar ved vaksinering. Milde biverknadar som feber er heilt normalt uansett kva type vaksine ein får.  Det er nettopp derfor vi ikkje vaksinerer alle i same kohort på same tid. Då gjer vi oss sårbare, fortel kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Fungerer AstraZeneca-vaksinen mot muterte virusvariantar?

Alle dei tre koronavaksinane gir god beskyttelse mot variantane av viruset som vi finn i Noreg no, også den engelske varianten. Sør-Afrika, der den sørafrikanske varianten dominerer, held fram å bruke AstraZeneca-vaksinen.

FHI overvakar alle endringar i koronaviruset. FHI har varsla at det kan verte aktuelt med ein vaksineboost om det skulle vise seg at vaksinen har dårlegare effekt på muterte virusvariantar.

- Vi ser fram til å også motta AstraZeneca- vaksinen om kort tid, slik at vi også kan vaksinere helsepersonellet vårt. Då vil både helsepersonell og dei eldre som er vaksinerte kunne vende attende til ein noko meir normalisert kvardag i helse- og omsorgstenesta i løpet av våren, seier ein optimistisk kommuneoverlege til slutt.