Etablerer vakttelefon for kommunale bygg

Vakttelefon kommunale bygg. Foto: Pixabay - Klikk for stort bileteVakttelefon kommunale bygg. Foto: Pixabay Eigedomsavdelinga etablerer no vakttelefon for kommuale bygg. Bygningsmessige feil og manglar som krev snarleg oppfølging, kan meldast inn på vakttelefon 468 85 030. Det er ikkje mogleg å sende tekstmeldingar til vakttelefonen.

Vakttelefonen er meint å brukast når bygningsmessige feil og manglar oppstår, og naudsynt hjelp ikkje kan vente til neste arbeidsdag. Vakttelefonen erstattar det som tidlegare har vore direktenummeret til seksjonsleiar byggdrift og er eit supplement til vakttelefon 992 10 001 for teknisk drift. 

Bemanning av vakttelefonen vil rullere, men førebels er ordninga til utprøving med eigedomsleiar og seksjonsleiar byggdrift som tekniske prøvekaniner. Når testperioda er over, vil avdelinga vurdere ei permanent ordning med rullerande bemanning. 

Dersom det er spørsmål til ovannemnde, er det berre å ta kontakt med eigedomsleiar Robert Myklebust, telefon 990 95 251