Får 165.000 kroner til barn og unge

Klikk for stort bileteHerøy kommune har fått 165.000 kroner i tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til ordninga med opplevingskort i Herøy kommune skuleåret 2020/2021.

- Dette er vi veldig glade for. I fjor fekk kommunen 150.000 kroner til same føremål, frå ordninga som er ei nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge. Midlane har kome til god nytte for mange barn og unge i låginntektsfamiliar. I dette prosjektet er det krav om eigendel. Dette er løyst ved at samarbeidspartnarane til kommunen gir minst 25 % rabatt på kjøp slik at dette tilsvarar eigendelen i prosjektet. Ein vinn – vinn situasjon også for lokalt næringsliv, fortel folkehelsekoordinator og planleggar, Tanja Rafteseth, engasjert.

- Det at Bufdir har valgt å utvide tilskotet til prosjektet må sjåast på som ei stadfesting på at dei synest at tiltaket fungerer etter føremålet, kommenterer ho.

Herøy kommune søkte også om tilskot til Fritidsklubb for ungdom ved fritidsklubben på kulturhuset og ved Stokksund skule. Her fekk kommunen avslag på søknaden.

Det var også søkt om å få vere med på pilotordninga med «fritidskort», der alle barn i alder 6-18 år får dekt inntil 2000 kroner i året til å delta på ein fritidsaktivitet. Her nådde ikkje kommunen opp blant dei 12 som vart utvalde. 193 kommunar søkte om tilskot der.

Søknadsskjema for ordninga med opplevingskort vil bli lagt ut i løpet av sommaren. Om du har spørsmål om ordninga kan du ta kontakt med folkehelsekoordinator.

Her kan du lese meir om tilskotsordninga frå Bufdir.

Til no er desse fire samarbeidspartnarane som er med i ordninga med opplevingskort:

  • Sunnmørsbadet
  • Fosnavåg konserthus
  • Fosnavåg kino
  • Aktiv Trening