Får 340.000 kroner frå Enova

Dronefoto Mjølstadneset - Klikk for stort bileteDronefoto Mjølstadneset Herøy kommune

Herøy kommune får 340.000 kroner i tilskot frå Enova til forprosjekt infrastruktur for straum til hamneopphald og lading.

Forprosjektet skal ende opp i ein rapport som seier noko om behov og potensiale for etablering av slik infrastruktur på Mjølstadneset/Fosnavåg næringspark.

Utgreiing før investering

Enova gir støtte til utgreiing som skal gi eit tilstrekkeleg grunnlag for å bestemme om ein skal investere.

- Gjennom forprosjektet skal kommunen gjennomføre ei marknadsundersøking som skal synleggjere kven som treng og ønskjer å nytte seg av infrastruktur for straum til hamneopphald og lading. Dette skjer gjennom direkte kontakt med dei aktørane som bruker kaiene i dag og omliggande servicetilbod som kan seie noko om kva type trafikk det vil bli på kaiene i framtida. Deretter skal det gjerast ei teknisk vurdering av kva type anlegg og infrastruktur som kan etablerast. Ei kartlegging av aktørar for samarbeid vil peike ut forretningsmodell for etablering, kommenterer kommunalsjef for samfunnsutvikling i Herøy kommune, Ane Malene Søvik Nygård.

 

Ane Malene Søvik Nygård, kommunalsjef for samfunnsutvikling. - Klikk for stort bileteAne Malene Søvik Nygård, kommunalsjef for samfunnsutvikling. Iselin Nevstad Øvrelid

Der er ulike måtar å dekke behovet, frå ei fullt elektrifisert hamn som er svært energikrevjande og kostbar - spørsmål er kva marknaden vil etterspørre på kort og lang sikt. I grove trekk skal forprosjektet finne ut kva som er aktuell bruk, kva anlegg vil vere føremålsteneleg å etablere og kva er der kapasiteten i nettet.

 

Herøy kommune har gjennom Havlandet og Fosnavaag Shippingklubb etablert ei styringsgruppe med representantar frå ulike bransjar innen sjøfart: Svein Rune Smådal (Havila), Helge Remøy (Remøy Management) og Stig Arne Sævik (Herøyfjord/Søre Sunnmøre Fiskarlag). 

 

 

 

Trond Arne Aglen i digitalt møte i styringsgruppa - Klikk for stort bileteFrå eit digitalt møte i styringsgruppa. Ane Malene Søvik Nygård

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bedriftsøkonomisk lønsamt?

Utgreiinga vil avdekke om det er bedriftsøkonomisk lønsamt å etablere ladeanlegg i Fosnavåg næringspark eller om det er samfunnsøkonomisk i eit større perspektiv. 

- Kommunen si rolle er primært som fasilitator. Det vil seie at vi skal tilrettelegge for utvikling. Den nye klimaplanen understrekar behovet for tilpassing og omstilling. Sluttrapporten skal skildre den tekniske sida og marknadsperspektivet ved infrastruktur for straum i Fosnavåg næringspark, avsluttar Søvik Nygård.