Fare for lyngbrann – minner om bålforbodet

Det er no fare for brann i skog og mark. Og det er meldt meir varmt og tørt ver.

oversiktsbilde over lynghei sett mot Kvalsund - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

I Herøy har vi store areal med lyng og tørt fjorårsgras som lett kan ta fyr. Herøy brann og redning ber alle om å vere forsiktige og bidra til at vi unngår brann i skog og mark.

– Vi er glade for at folk kosar seg i det fine veret. Men vi set pris på at alle respekterer bålforbodet og følger reglane for sikker brenning, seier Lene Utseth, som arbeider med førebygging i Herøy brann og redning.

Ho minner om at det fram til 15. september er generelt forbode å tenne bål nær skog og mark. Unntaka er tilrettelagde grill- og bålplassar og bål som er melde inn til kommunen (jonsokbål og bråtebrenning).

Les meir om det generelle bålforbodet hos Brannvernforeningen.