Fasaderehabilitering Herøy kulturhus og idrettshall

Eigedomsavdelinga har i samarbeid med Slyngstad Aamlid Arkitekter AS fått utarbeida skisseforslag til fasaderehabilitering av Herøy kulturhus og idrettshall. Vi har også fått utarbeida eit skisseforslag til oppgradering av uteområdet og ei mindre utbetring av tilkomsten til Herøy folkebibliotek. 

Klikk for stort bileteSkisseforslag Slyngstad Aamlid Arkitekter AS

Det er i budsjett- og økonomiplanen for 2019-2022 avsett investeringsmidlar til fasaderehabilitering av Herøy kulturhus og idrettshall. Dette er eit naudsynt og etterlengta tiltak som vi no har fått utarbeida skisser til. 

Fasaderehabilitering

Skisseforslaget frå Slyngstad Aamlid Arkitekter AS inneber at bygningskroppen vert etterisolert og kledd med fasadeplater og sluttpuss i lys utførelse. Mindre delar av bygningskroppen får trekledning, særleg for å framheve hovudinngang og inngang til kulturskulen og biblioteket. Vindusfelta i Herøyhallen tilrår vi å tette igjen. I samband med etableringa av meirope bibliotek, er det naudsynt å etablere ein ny rømingsveg ut frå biblioteket. Arkitekten har i den samanheng skissert to alternative forslag som begge syner korleis ein kan vidareutvikle denne rømingsvegen til ein alternativ hovudinngang. I den samanheng vurderer vi også om biblioteket kan vere tjent med større vindu og meir dagslys.

Klikk for stort bileteSkisseforslag Slyngstad Aamlid Arkitekter AS
Klikk for stort bileteSkisseforslag Slyngstad Aamlid Arkitekter AS


Uteområdet

Slyngstad Aamlid Arkitekter AS har også utarbeida eit forslag til oppgradering av uteområdet. I utgangspunktet ynskjer vi å etablere ein miljøstasjon og overbygd venteplass for buss mm. ved hovudinngang, men vi har utforda arkitekten til å vise korleis vi med enkle tiltak også kan gjere uteområdet elles tryggare og meir innbydande. I den samanheng er det difor skissert inn ein gangveg frå hovudinngang til kulturskuleinngang og vidare inn mot ein alternativ hovudinngang til biblioteket. Her vurderer vi også plassering av HC-parkering for å sikre universell tilkomst til bygget. 

Klikk for stort bilete
Skisseprosjektet er no til vurdering internt før det skal opp til politisk handsaming. Dersom det er spørsmål til ovannemnde forslag, ber vi om at du tek kontakt med eigedomsleiar Robert Myklebust.