Feira to gongar førti år i kommunen

Dina Voldsund Djupvik og Lisbeth Moltu Espeseth har passert fire tiår som tilsette i kommunen. – De gjer dagen betre for andre, sa leiaren deira, Marit Sævik Leinebø, då dei vart heidra denne veka.

Gruppebilde av Marit Sævik Leinebø, avdelingsleiar for servicetorget; Dina Voldsund Djupvik, konsulent; Lisbeth Moltu Espeseth, konsulent; Bjørn Prytz, ordførar. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Marit Sævik Leinebø, avdelingsleiar; Dina Voldsund Djupvik, konsulent; Lisbeth Moltu Espeseth, konsulent; Bjørn Prytz, ordførar. Svein Arne Orvik

– De legg vinn på å møte alle med respekt og vere imøtekomande, blide og hjelpsame. Eg er audmjuk over at det blei mi glede å kunne heidre dykk med klokke for lang og flott innsats. Og eg håpar vi får jobbe saman i mange år til, sa Leinebø. 

Ho er avdelingsleiar for servicetorget, der Djupvik og Espeseth arbeider i dag. 

– Eit veldig godt medmenneske

Lisbeth Moltu Espeseth byrja som landstelefonistvikar og kom i 1981 til fiskerirettleiaren i Herøy, der ho også hadde sentralbordoppgåver for rådhuset. I 1983 tok ho til å jobbe ved rådmannskontoret. 

– Du er ryddig, dyktig, påliteleg og har svært god oversikt. Du har brukt mang ein kveld på politiske møte og val. I tillegg er du eit veldig godt medmenneske og ein god kollega. Du strør rundt deg med omtanke og lune kommentarar. Tusen takk for alt du har gitt til organisasjonen, politikarane og innbyggarane, sa Leinebø. 

– Ein super rettleiar

Dina Voldsund Djupvik var lærar på Tjørvåg skule og kontorsekretær ved Ytre Herøy ungdomsskule – før ho i 1983 byrja som teknisk teiknar på dåverande teknisk etat.

– Då servicetorget vart oppretta i 2003, søkte du deg dit og var med å bygge opp det vi kjenner i dag. Du tok med deg ein god del av arbeidsfelta dine og er difor ein super rettleiar på alt teknisk. Som menneske er du blid, omgjengeleg og dyktig, og du finn raskt ut av ting. Du er også eit veldig godt medmenneske og ein humørspreiar, sa Leinebø. 

Ho gav begge ein varm takk for å gi innbyggarane og dei tilsette i kommunen smil, gode svar og god hjelp på vegen vidare.