Det er Herøy Mållag som deler ut utmerkinga med diplom, kake og blomar.
I grunngjevinga heiter det:
"Kommunikasjonsavdelinga i Herøy kommune, som er årets mottakar av målblomen, representerer ein stor organisasjon. Kommunen har ein så stor og sjølvsagt plass i liva våre, at vi lett gløymer kor enormt viktig og fundamental rolle kommunen har for å sikre at nynorsken også i framtida skal brukast på alle samfunnsområde.
I 2021 vart Herøy kommune lagt merke til av sjølvaste Kulturdepartementet som nominerte kommunen vår til Årets Nynorskkommune. Juryen trekte fram Herøy sine gjennomtenkte nynorsktiltak i barnehage og skule og korleis dei nyttar marknadsmakta si godt i val og utvikling av læremiddel på nynorsk.
Herøy nådde ikkje heilt opp, og Herøy Mållag er glade for at vi no har høve til å gjere stas på dykk med vår eigen målblome, og det på sjølve nynorskdagen 12. mai.
I vår grunngjeving har vi lagt vekt på det som vert sagt om korleis kommunikasjonsavdelinga dykkar jobbar internt i organisasjonen:
- Med å setje klarspråk på agendaen
- Med rettleiing, korrigering og opplæring i heilskapleg bruk av nynorsk
- Med klare forventningar til dei tilsette om aktiv bruk av vedtekne planar og strategiar for språkbruk.
Konkrete døme som er framheva er mellom anna:
- Nettstaden www.heroy.kommune.no
- Jamnlege «Språkdrypp» på intranett
- Språkvask av sentrale dokument før dei vert publiserte
- Vi skal ikkje legge skjul på at Iselin Nevstad Øvrelid sitt namn går igjen i desse skildringane vi har fått. Det vert sagt at du verkeleg står på barrikadane for nynorsken, ikkje minst for å krevje nynorskutgåver og nynorskversjonar av materiell som kjem frå sentralt hald, for å sikre at innbyggarane våre får offentleg informasjon på nynorsk, kommenterte leiar i Herøy Mållag, Monika Haanes Waagan.
- Godt arbeid i heile organisasjonen
Kommunikasjonssjef, Iselin Nevstad Øvrelid, tok imot prisen og takka på vegner av heile Herøy kommune.
- Det er fantastisk at arbeidet vårt har vorte lagt merke til. Kommunikasjonsavdelinga takkar særskild for utmerkinga, men den er resultat av godt arbeid i heile organisasjonen. Språk er grunnleggande i alt kommunikasjonsarbeid og dette er noko vi arbeider med i alle sektorar på tenesteområda våre for innbyggjarane, kommenterte ho. Nevstad Øvrelid understreka på sjølvaste nynorskdagen 12. mai, at kvar dag er ein nynorskdag i Herøy kommune.
- På sjølvaste nynorskdagen skal Herøy kommune ha sitt første møte i det nyoppretta klarspråkforumet. Det er forankra i alle sektorar og skal sikre arbeidet vårt med klart språk på nynorsk og struktur i planar og strategiar før dei går til politisk handsaming, kommenterte ho.
Samarbeid i "sjustjerna"
I tillegg jobbar Herøy kommune saman med dei andre kommunane i "sjustjerna" (Hareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Ørsta og Volda) med ein heilskapleg språkprofil som etter planen skal leggast fram til politisk behandling til hausten.
- Vi har godt samarbeid på tvers i faggruppa kommunikasjon og saman står vi sterkare for å sikre skriftspråket vårt, kommenterte Nevstad Øvrelid.
Kommunedirektør, Trond Arne Aglen, nytta høvet til å sende eit lite stikk til nasjonale styresmakter om å betre sikre at kommunane får den informasjonen dei har rett på, på nynorsk, i staden for å måtte etterlyse den gong på gong.
Herøy kommune og kommunikasjonsavdelinga takkar for Målblomen. Dette var stas!