- Fekk sjå ein flokk villgeiter

Etter at det ikkje vart nokon munnleg eksamen heiv ei gruppe frå 10. trinn på Ytre Herøy Ungdomsskule seg rundt og slutta skuleåret med ein flott telttur til Storevågen på Skorpa.

 Bading inne i Storevågen der gruppa ankra opp.På 10.trinn har dei i år hatt Friluftsliv som valfag, og Jostein Storøy har vore lærar. Dei har lenge planlagt å avslutte skuleåret med overnattingstur til Skorpa, så då Guri Melby avlyste munnleg eksamen og vêrgudane lova sommar var det berre å hive seg rundt. Silje Steinsvik Paulsen og Renate Zahl takka ja til å vere med som ekstra lærarar.

 

- Torsdag 3. juni sette vi kurs mot Storevågen i strålande sol. Flinke elevar stilte opp som både skipssjefar og bestmenn. Då vi kom fram var det berre å sette leir og få på seg badekle. Nokre tok etter kvart turen opp på fjellet, medan andre tok livet med ro i fjøra. Vi fekk sjå ein flokk villgeiter på Kneipen, og nokre kom heilt ned i fjøra i nærleiken av campen, seier Renate Zahl.

Gjengen hadde planlagt godt, og hadde med seg mykje god mat.

- På kvelden vart det både grilling av pølser og pannekake på bålpanne. Bål, gitar, melodica og song i solnedgong var heilt magisk. Dagen etter var det speilegg og pannekaker til frukost før pakking og retur til Fosnavåg. Ein fin tur i lag med flotte ungdomar. Eit minne for livet for alle saman. Tusen takk for turen, smiler Zahl.

Her har gruppa funne ein idyllisk plass på Skorpa å slå opp telt på!