Fekk sjå Einehallen frå innsida for første gong

Klikk for stort bileteDronefoto: Martin Hauge-Nilsen Fredag morgon var det nøkkelseremoni og elevane ved Einedalen skule fekk sjå den flotte, nye fleirebrukshallen frå innsida for første gong.

- Vi har fått den perfekte 10-årsgåve, seier rektor ved Einedalen skule, Jan Helge Langberg.

Einedalen skule er nemleg 10 år i år, og at ein no endeleg får på plass ein fleirbrukshall for samlingar, gym, leik og idrett, betyr mykje for mange.

- Det har vore eit godt samarbeid mellom alle involverte. Takk til alle som har stått på for at vi i dag kan få ein så flott hall, seier han.

Historikken

Kontrakten for prosjektet med Prosjektbygg vart signert mars 2019, og byggestart var 29. april same år.

Ordførar i Herøy kommune, Bjørn-Halvor Prytz, skryt veldig av den flotte fleirbrukshallen og oppfordrar elevane til å nytte den mykje, og samstundes ta godt vare på bygget.

- Dette er ein fantastisk hall. Bruk den frå morgon til kveld, er hans klare oppfordring.

- Dette gir idretten og andre aktivitetar i kommunen eit stort løft, påpeikar Prytz.

Avslutning på skuleåret

Nøkkelseremonien vart avslutninga på skuleåret for elevane ved Einedalen. Den inneheldt både song, dans, avslutning for 7.klassingane og ein spenstig basketballkonkurranse som førte til ein premie på 18.000 kr til Einedalen skule som dei kan nytte fritt. Premien var ei gåve frå Prosjektbygg som fekk tildelt oppdraget i fjor.

Både prosjektleiar, Tony Pettersen og Sindre Thorseth, dagleg leiar, i Prosjektbygg, er nøgde med eit godt gjennomført prosjekt.

- Det har vore krevjande knytt til dokumentasjon og HMS, men teamet som har stått på her kan no vere veldig stolte. Samansetninga av lokale entreprenørar som har vore med her, er spesielt viktig for oss då verdiskapinga blir igjen i kommunen.

- Akkurat slik eg hadde tenkt

Eigedomsleiar i Herøy kommune, Robert Myklebust, var også nøgd då nøkkelseremonien var over.

- Opninga vart akkurat slik eg hadde tenkt, med glade ungar, nydeleg ver og eit flott bygg med samanknyting til skulen, og med parkering. Dette vart veldig bra, understrekar eigedomsleiaren i Herøy kommune.

Sjå bilete frå nøkkelseremonien her:

 Sjå video her: