Felles NAV kontor med Vanylven

Klikk for stort bilete Frå 1. januar i år fekk Herøy og Vanylven eit felles NAV kontor, NAV Herøy og Vanylven. Det gikk kort tid frå det blei vedtatt i dei to kommunale administrasjonane frå midten av november og fram til oppstart.

Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

Samarbeid

- Det vil nok ta litt tid før vi er fullt oppe og går, men vi er allereie godt i gang med eit tettare samarbeid. Målet er at dette skal gi betre tenester til brukarar og bidra til at fleire i regionen kjem seg i arbeid, seier NAV-leiar Jarle Stordal.

-  Styrka faglig kompetanse

Gevinsten av å etablere eit felles NAV-kontor vil ikkje vere gjennomført med ein gong, men på sikt vil det kunne gi betre tenester, styrka faglig kompetanse og forhåpentlegvis gi høve til å flytte fleire ressursar over til marknadsarbeid.

- Vi ser også at det er stort forbetringspotensial i betre samhandling med ulike kommunale tenesteytarar som i fleire tilfelle arbeida med dei same brukarane. Eit godt samarbeid og god støtte frå dei to kommunale administrasjonane er ein føresetnad for at vi skal lykkast. Kontoret vil ha hovudkontor på Eggesbønes i Herøy med ei avdeling i Fiskå, seier NAV-leiar Jarle Stordal.