Felles politiråd samla for første gong

Iselin Nevstad Øvrelid Det felles politirådet for Herøy, Sande og Vanylven var for første gong samla fredag 5. februar.

Kommunedirektør/rådmann, ordførar og næringslivskontaktar frå kommunane var til stades saman med politiet.

Politiet presenterte sin nye politikontakt for distriktet vårt, Jørn Fredriksen Larsen, og næringslivskontakt i Møre og Romsdal politidistrikt, Øyvind Vebenstad, var med.

Målet med det felles politirådet er å styrke samhandlinga mellom kommunane og politiet.

Det vart avklara kva slags satsingsområde politiet skal ha i 2021, nemleg på ungdomskriminalitet, radikalisering og familievald.

Det felles politirådet skal ha fire møter i året.

- Oppsummert var det eit godt møte, og vi vart grundig orienterte om utfordringar i kommunane, fortel kommunedirektør, Trond Arne Aglen.