Fine ting skjer i Leikanger barnehage

Vi har hatt nokre fine vårdagar i Leikanger barnehage, med mange fine inntrykk og uttrykk.

Små barn sit i ei blomstereng - Klikk for stort bileteDei minste barna tok ein tur i blomsterenga rett utom barnehagen. Chidchanok Meesin

I Leikanger barnehage er vi så heldige å ha engasjert foreldre som har hatt dugnad med rydding, kosting, spyling av uteområdet, fått ut ny sand i sandkassene og laga det fint til i uteområdet vårt.

Og då vart det ei fin moglegheit til å pynte litt på murveggen ned til barnehagen med fine fargerike små og store hender. Dette pyntar opp saman med det nye fine skiltet ved trappa vår som er ordna til av foreldre.

Vi må og få rette ein stor takk til Lene Havåg, Josefine Tørnqvist og Victoria Hide for den flotte fana dei laga til på berre få dagar før 17. mai. Her fekk barna hjelpe til med eigenproduserte blomar i utsmykkinga. Det var stor stas å få hjelpe til med å bere den i årets 17. mai-tog. 

Hender måla i fine fargar på murvegg  - Klikk for stort bileteFargerike trykk av små og store hender pynter opp trappa. Oddhild Dybvik Aas Skilt i fine fargar med barnehagenamnet - Klikk for stort bileteDet nye fine skiltet til barnehagen. Oddhild Dybvik Aas Ny fane til Leikanger barnehage til bruk på 17.mai. - Klikk for stort bileteLeikanger barnehage si nye, fine fane, der barna har fått kome med sine bidrag til utsmykking. Oddhild Dybvik Aas