Fleire tilfelle med korona ved Myrvåg omsorgsenter, avdeling B.

 Det er påvist sju tilfelle av koronasjukdom hjå bebuarar ved Myrvåg omsorgssenter avdeling B. Det er i dag påvist 4 nye tilfelle, i tillegg til dei tre bebuarane som fekk påvist infeksjonen i søndag,  opplyser kommuneoverlegen.

Så langt er det ingen som har fått alvorleg sjukdom. Alle bebuarane vert følgd opp av sjukeheimslegen. Også personell ved avdelinga har fått påvist korona. Det er sett i verkt tiltak for avgrense smitten på avdelinga, og for å førebygge at smitte spreiar seg til avdeling A ved omsorgssenteret.

Det vert i dagane som kjem gjennomført testing for å følgje med på utviklinga. Det er nok grunn til å tru at vi kan få fleire som vert sjuke både av bebuarar og personalet i dagane som kjem, opplyser kommuneoverlegen.

Besøkande til bebuarar ved Myrvåg avdeling B vert bedne om å ta kontakt med personalet før dei kjem på besøk. Besøkande til bebuarar ved Myrvåg avdeling A vert så langt oppmoda om å følgje dei vanlege smitteførebyggande reglane.

-Dette utbrotet fell saman med at vi frå måndag 11.07.22  startar opp med tilbod om vaksinering mot covid-19 med oppfriskingsdose nummer 4 til bebuarar ved omsorgssentera våre, avsluttar kommuneoverlegen.