Flott temakveld med Skeiv Verden

Skeiv Verden fekk med seg ei Fosnavåg-drikkeflaske etter eit lærerikt foredrag. - Klikk for stort bileteJoseph Mardelli og Maruwa Ibrahim frå Skeiv Verden hadde eit flott foredrag på Herøy Folkebibliotek. Thomas Sporsheim

 

Mange hadde møtt opp til det som vart ei lærerik stund om det å vere annleis. Temaet var det å møte skeive unge med minoritetsbakgrunn på ein god måte.

— Det er flott å få slike tabuområde på agendaen, synleggjere slike framande tema og ufarleggjere det. Vi har ei større målgruppe med folk som møter ungdom heile tida, så dette er god allmennkunnskap for innbyggarane våre, seier Lilly Arlen Larsen, avdelingsleiar for kvalifiseringssenteret. 

Senteret inviterte Skeiv Verden på besøk til Herøy. Temakvelden vart halden på Herøy folkebibliotek for alle interesserte.  

Joseph Mardelli og Maruwa Ibrahim hadde tatt turen frå Oslo for å gi vekk lærdom om ulike omgrep og kva det betyr å vere skeiv. Ibrahim snakka ein del om korleis ungdom kan oppleve kryssdiskriminering, det å ha ei skeiv minoritetstilhøyrsle og det å ha anna etnisitet og religion. 

— Det er fint å kunne vere her og gi tips og råd til dei som skal skape trygge rom for dei unge. Det dreier seg om korleis ein kan vere synleg og vite korleis ein møter minoritetsforeldre som har skeive barn, seier Maruwa Ibrahim. 

Besøk på kvalifiseringssenteret 

Tidlegare på dagen var Mardelli og Ibrahim på besøk hos kvalifiseringssenteret for å snakke med deltakarane i vaksenopplæringa. 

— Dei viste engasjement og det var veldig hyggeleg å møte så engasjerte menneske som er nysgjerrige på å vite om kjønn og seksuelt mangfald. Dei stilte mange spørsmål som det tok lang tid å svare på, men det var god stemning. Det var det her på biblioteket også, smiler Joseph Mardelli.

Joseph Mardelli i prat med deltakarar på Kvalifiseringssenteret.  - Klikk for stort bileteJoseph Mardelli i prat med deltakarar på Kvalifiseringssenteret. Melissa Nerland Paulsen

Foredragshaldarane er klare på at det har stor verdi i å besøke Herøy kommune. 

— Vi føler at dette temaet er spesielt viktig å ta opp på slike samlingar på stadar der det kanskje ikkje er så mange sosiale aktivitetar retta mot denne målgruppa. Det å kunne møte folk som bryr seg om den tematikken og som ynskjer at det skal vere større aksept, det er noko som vise verdien som vi står for, seier Ibrahim. 

Skeiv Verden er ein interesseorganisasjon for skeive med innvandrarbakgrunn. Sidan oppstarten i 2004 har fleire fått tryggleik til å kome ut når det har blitt større aksept, fortalde foredragshaldarane.  

— Målgruppa for kompetanseavdelinga i Skeiv Verden er ikkje skeive med minoritetsbakgrunn spesifikt, men vi gir kompetanse om seksuell helse og psykisk helse og om kor viktig det er å oppsøke hjelp om ein treng det. Vi når også ut til andre flyktningar og dei offentlege tenestene som tilbyr hjelp til personar som nyleg er komne til Noreg, seier Mardelli. 

— Vi jobbar også med ei breiare målgruppe. Det omfattar til dømes flyktningar, asylsøkarar og arbeidstakarar som kjem til landet vårt for å få arbeid. Studentar og første og andre generasjonsinnvandrarar, legg han til.  

- Har med seg nokon utfordringar 

Lilly Arlen Larsen, avdelingsleiar for kvalifiseringssenteret, er glad for å få Skeiv Verden på besøk. 

— Vi synest det har gitt veldig bra engasjement og har fått fleire gode tilbakemeldingar frå deltakarane våra. Det har vore lærerikt når det gjeld det å tore å spørje og når det gjeld verdiar, respekt og anerkjenning. Det er klart at det å vere innvandrar har med seg nokon utfordringar i seg sjølv. Det å skulle vere skeiv vil vere ei tilleggsutfordring, seier Larsen. 

Før Skeiv Verden fekk ordet, var det journalist i Vestlandsnytt, Geir Egil Eiksund, som snakka om den nye boka han har skrive. Boka handlar om 11-årige Andreas som vert forelska i Viljar. Eiksund fortel at det var lett å skrive boka fordi han kjende seg igjen i tematikken. 

Geir Egil Eiksund snakka om si bok til forsamlinga. - Klikk for stort bileteGeir Egil Eiksund snakka om boka si til forsamlinga. Thomas Sporsheim

— Målgruppa for boka er 5.–7. klasse, 10–12 år. Det er ei bok som også kan vere fin for vaksne som er rundt ungdomane, seier Eiksund.