Forbod mot oljefyring

Klikk for stort bilete

Frå 1. januar i 2020 blir det forbode å bruke fyringsolje og parafin til oppvarming i privatboligar, offentlege bygg og næringsbygg.

Forbodet vil også omfatte driftsbygningar i landbruket frå år 2025, og av midlertidige bygningar frå 2020.

Oljetankar

Det finnast truleg om lag 270.000 nedgravne oljetankar i Norge i dag. Mange av disse er i ferd med å gå ut på dato. Risikoen for oljelekkasje aukar når tanken er rundt gjennomsnittleg levealder, som er på rundt 30 år.

Eigar av oljetank har ansvar for å førebygge lekkasjar og rydde opp i eventuell lekkasje, og kommunen er myndigheit for å følge opp forureining frå oljetankar.

Enova gir støtte

Enova kan gi støtte til privatpersonar for fjerning av oljetankar og til investering og installasjon av fornybare oppvarmingsløysningar.

Les meir om forbodet mot oljefyring.  (Enova sine nettsider)