Førehandsrøysting frå 12. august 2019

Klikk for stort bileteDu kan førehandsrøyste i kommunestyre- og fylkestingsvalet mellom 12. august til 6. september 2019.

Kommunestyre- og fylkestingvalet 2019: Har du ikkje høve til å røyste på valdagen 9. september? Då kan du førehandsrøyste i tida 12. august til fredag 6. september.  

Her er stadane du kan førehandsrøyste i Herøy kommune: 

  • Opningstider for røysting i Herøy kommune, Servicetorget: Måndag til fredag klokka 9-15
  • Herøy helse- og omsorgssenter: Tysdag 3. september klokka 10-12
  • Myrvåg helse- og omsorgssenter: Onsdag 4. september klokka 10-12
  • Herøy folkebibliotek: Opningstider
  • Frist for å melde frå om å få røyste heime til telefon 70 08 13 00: Tysdag 03.09.19

Om du ikkje har mottatt valkort, kan du fortsatt røyste. Hugs å ha med gyldig legitimasjon.