Foreldre er inviterte til Helsesista-foredrag

Klikk for stort bileteFoto: Helsesista

 

I samband med temahelga «B R A nok!» inviterer vi til ope møte med Helsesista på Herøy Kulturhus fredag 18. januar kl 18.00. Dette er eit samarbeid mellom Kommunalt foreldreutval og iniativtakarane bak «B R A nok!».

Vi ynskjer å invitere alle foreldre til born i 5-10. klasse i Herøyskulen til foredrag med Helsesista.

"Helsesista", eller Tale Krohn Engvik som ho eigentleg heiter er heile Noreg si helsesyster. Ho kjem frå Ålesund.

Helsesista på Snapchat

Tale var helsesyster på fire ulike vidaregåande skular i Oslo. Der kjende ho på at ho ikkje greidde å vere tilgjengeleg nok for elevane sine. Ho starta å kome i kontakt med ungdommar på Snapchat. Deretter fekk ho fylgjarar frå heile Noreg. Hennar stories på snapchat er ein dundrande miks av seriøs kunnskap, kreativ galskap, humor, kjærleik og #happymoments. Ho brukar kanalen sin for å kommunisere med ungdommar, samtidig som ungdommane får kommunisere via henne. Akkurat no held ho på å spele inn sin eigen tv-serie.

Foreldre skal få eit innblikk i ungdomen si verd

Helsesista har eit stort mål om å auke den psykiske helsa til norsk ungdom! Helsesista vil gje oss eit lite innblikk i  ungdommane si verd denne kvelden. Ta oss med i utfordringane, tankane, presset på å passe inn... presset til å vere BRA nok!

Kanskje vil ho gje nokre tips til oss om korleis vi kan vere kloke vaksne som kan rettleie ungdommane våre til å bli trygge på seg sjølv?

Vil du lese meir om arbeidet til Helsesista?

Meir informasjon finn du her; www.helsesista.no

Velkomne på foredrag!

Av: Ann Kristin Smådal, Leiar kommunalt foreldreutval og Linn Therese Sævik, iniativtakar “B R A nok !