Foreldrerettleiingskurs - Tryggleikssirkelen

Foto: Arbeidsgruppa har arbeida godt med innhald i kurset. Frå v. Janita Westbø Remøy, Lena Vågsholm Sævik, Elselill Bjåstad, Janne Skeide Eikrem og Gry-Tone Sandhaug. (Kaja Husøy Ingebrigtsen var ikkje tilstades). Simon Slotsvik Voldsund  Foreldre er opptatt av å gi barna sine tryggleik og god omsorg.

Circle of Security parenting-COS (tryggleikssirkelen) har som mål å styrke tilknytinga og samspelet mellom barn og foreldre. Tryggleikssirkelen hjelper foreldre til å bli meir bevisst barnets behov og reflektere over eigen omsorgsutøving.

Barnevern, helsestasjon og PPT har fram til no nytta denne metoden individuelt i tenestene og har gode erfaringar kvar for seg. Med utgangspunkt i det vart det oppretta eit tverrfagleg samarbeid for å kunne gi dette tilbodet til fleire.  

Dette er ein metode som kan nyttast i alle relasjonelle samanhengar og passer for alle mellom 0-100 år.

-No er vi klare for å halde kurs for foreldre som har barn i barnehagen, seier leiar for prosjektgruppa Lena Vågsholm Sævik.

Barnevern, helsestasjon og PPT samarbeider med barnehagane i Herøy Kommune om å tilby kurset til foreldre. Kurset er planlagt start hausten 2022 og vår 2023. Tilbodet vert formidla i den enkelte barnehage når det er din barnehage sin tur for kurset. Kurset er gratis for deltakarane.  

Litt om innhaldet i kurset:

  • Tryggleikssirkelen: Tryggleikssirkelen gir oss hjelp til å sjå kva behov barn har for støtte frå foreldre, både når dei utforskar verda og når dei opplever vanskelege kjensler.
  • "Vere saman" i tryggleikssirkelen: Barn lærer og utviklar seg i samspel med foreldre. Samspelet er grunnleggande for korleis barn utviklar trygg tilknyting kjenslemessig.
  • Vegen til tryggleik: Kor tilgjengeleg du er som forelder påverkar ditt barn sin måte å formidle kjensler og behov.
  • Vanskelege situasjonar: (Vi vil)Tryggleikssirkelen gir foreldre reiskap til å velje samspel framfor brot i relasjonen mellom dykk og barna når situasjonen vert krevjande å handtere. Vi ser på balansen mellom det å vere tydeleg og samtidig vere ein god forelder.
  • Foreldra sine eigne erfaringar: Nokre gonger har vi vaksne erfaringar frå eigen fortid som gjer at reaksjonar i notid kan bli "større" enn nødvendig. Kurset vil gi reiskap til korleis de kan handtere dette.

Metoden er enkel forstå, og kan lett overførast til daglege situasjonar. Arbeidsgruppa gleder seg til å halde kurs. Dersom ein får gode erfaringar vil ein også vurdere å gi gruppetilbod til fleire innbyggjarar i Herøy Kommune.

Vil du vite meir om  tryggleiksirkelen kan du gå inn på: https://www.youtube.com/watch?v=1wpz8m0BFM8