Forslag om ny forskrift om avlaupsgebyr

Klikk for stort bileteUtedo (Pixabay) 

Gjeldande forskrift om avlaupsgebyr i Herøy kommune vart vedteken av kommunestyret i K-sak 88/05 den 27.10.2005. Det har over tid vorte gjort endringar i sentralt lov og forskriftsverk innan avlaupsområdet så det er naudsynt med ei revidering av gjeldande forskrift for Herøy kommune.

Maritimt og teknisk utval vedtok i møte den 09.11.2020, i MTU-sak 99/20:

«Maritim-  og teknisk utval vedtek å legge forslag til Forskrift om avlaupsgebyr, Herøy kommune, ut på offentleg høyring i 4 veker.»

Høyringsfrist: 18.12.2020

Viktigaste endringar frå eksisterande forskrift til forslag til ny forskrift er:

  • Oppdaterte lovheimlar og forskrifter
  • Reviderte og nye definisjonar for å betre forståinga av forskrifta
  • Meir oppdeling i paragrafar for å betre oversikten
  • Eigen paragraf vedkomande symjebasseng
  • Det er lagt til rette for at revidert forskrift skal kunngjerast i Norsk Lovtidend og leggast inn i lovdata under lokale forskrifter.

Dokumenta finn du her:

Revidering av Forskrift om avlaupsgebyr for Herøy kommune - utlegging til offentleg e(73754) (PDF, 304 kB)

Forureiningsforskriften Kapittel 16. Kommunale vann- og avløpsgebyrer(72188) (PDF, 539 kB)

FORSKRIFT_OM_AVLAUPSGEBYR_FOR_HEROY_KOMMUNE (1)(72189) (PDF, 441 kB)

Revidert forskrift om avlaupsgebyr(72165) (PDF, 640 kB)

 

Innspel kan sendast elektronisk i dette skjemaet innan fristen. Du kan også sende innspel til Herøy kommune, p.b 274, 6099 Fosnavåg.