Fortsatt høg beredskap

Klikk for stort bileteSjølv om vi ikkje har hatt tilfelle av Covid-19 i Herøy sidan mars, må vi opretthalde beredskapen og leve etter «den nye normalen», seien smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen.

PRESSEMELDING

30.07.2020

FORTSATT HØG BEREDSKAP! MÅ LEVE ETTER «DEN NYE NORMALEN».

Det er fortsatt store utbrot i mange land på alle kontinent, også i våre vanlegaste ferieland. Også i Norge har vi utbrot som lokale helsemyndigheiter har utfordringar med å få kontroll på. Det er verdt å minne kvarandre om dette!!

Skal vi fortsatt klare å halde smitten borte frå Herøy, må vi halde fram med den «store dugnaden» der alle bidreg:

Dei tre grunnreglane for godt smittevern er:

  1. God handhygiene, vask hendene ofte!
  2. Ver heime om du er sjuk eller har forkjølingssymptom!
  3. Hald avstand, minst ein meter! Unngå sammenstimlingar!

 

Dersom alle følgjer disse i alle samanhengar, reduserer vi risikoen for å smitte andre.

Mange har fått seg ei velfortent ferie enten i Norge eller i utlandet. Reiser og kontakt med mange andre medfører auka risiko for smitte.

Når du kjem heim frå reise så vil eg gi nokre gode råd:

  1. Følg dei tre grunnregelane for godt smittevern.
  2. Ver ekstra forsiktig i kontakt med dei eldre i familien, og gå helst ikkje på besøk på sjukeheim eller omsorgsbustad dei første ti dagane etter du kjem heim. Vi vil svært gjerne redusere risikoen for dei som bur der.
  3. Er du helsepersonell og har vore på reise i «grønt land» utanom Norden så skal du ta ein test før du startar i pasientarbeidet.
  4. Kjem du heim frå «raudt land» skal du i ti dagars karantene.

TISK

Den nasjonale strategien for å finne smitten og avgrense den er kalla TISK: Testing. Isolering. Smittesporing. Karantene.

Det er i kommunene smitten skal oppdagast.

Herøy kommune har bygd opp ein god beredskap for å avdekke smitte og for å kunne sette i verk  tiltak ved påvist smitte.

For å lukkast er vi heilt avhengige av at alle tek sitt ansvar: Få utført ein test så snart du har symptom eller har mistanke om at du kan vere smitta. Testen er gratis.

I Herøy kan du teste deg ved begge legekontora på kvardagar. Ring fastlegen din for å bestill time når du treng det. Turistar skal ringe 116117 for å få kontakt med legetenesta.

Vi får testsvar vanlegvis i løpet av 24 – 48 timar. I mellomtida bår du vere i karantene, og ikkje ha kontakt med andre utanfor familien.

På legevakta vert det utført test dersom du må til undersøkjing fordi du er sjuk. Alle som ikkje treng legetilsyn vert testa på kvardagane.

Vi har etablert ei smittesporingseining som vert sett i sving når vi får ein smitta person i kommunen. Denne skal finne ut kven som kan vere smitta, og sette i verk tiltak som testing, isolering og karantene. I smittesporinga er vi heilt avhengige av å få eit godt samarbeid med alle som er berørt, og at vi får kontakt med dei.

Isolering og karantene er dei to viktigaste tiltaka for å hindre at smitten vert spreidd vidare når den er oppdaga. Det er faktisk lovfesta at den som er smitta er pliktig å følgje dei pålegg som kommunen gir når det gjeld isolering og karantene.

Mange sjøfolk har utfordringar ved mannskapsskifte. Det er ei rekke sentrale reglar som gjeld ved mannskapskifte. Ta difor kontakt med smittevernoverlegen for å få veiledning om kva regelverk som gjeld i konkrete tilfeller.

Faktaboks:

  1. God handhygiene, vask hendene ofte!
  2. Ver heime om du er sjuk eller har forkjølingssymptom!
  3. Hald avstand, minst ein meter! Unngå sammenstimlingar!
  4. TISK – testing, isolering, smittesporing og karantene!
  5. Kontakt fastlege/legekontor for testing sjølv ved svake symptom!
  6. Turistar ringer: 116117.
  7. Etter feriereise: Vent med besøk på sjukeheim og omsorgsbustadar i ti dagr!