Frå rektorjobb i Sande til Herøy

Klikk for stort bilete

 Tore Tangen er ny rektor ved Stokksund skule.

Han kjem frå jobben som rektor ved Gursken skule i Sande, ein jobb han har hatt sidan 2014. 

- Før eg vart rektor, arbeidde eg mange år som kontaktlærar i ungdomskulen. Eg har også erfaring frå folkehøgskulen og som leiar av eit flyktningmottak, fortel han.

Tore Tangen er 48 år og kjem opphaveleg frå Stange i Hedmark. Han har budd i Gursken i 19 år. Har tre barn.  Har grunnutdanning som lærar med spesialpedagogikk, og har seinare tatt vidareutdanning i skuleleiing ved Universitetet i Oslo. 

 - Eg gler meg til å ta fatt på jobben som rektor ved Stokksund skule! Som rektor har eg det overordna ansvaret for at alle elevane på Stokksund har eit trygt og godt skulemiljø, og får undervisning i tråd med kommunale og nasjonale retningsliner. Eg er opptatt av eit raust og inkluderande læringsfellesskap der alle lærer sosialt og fagleg. Stokksund skule skal vere ein god stad å vere, og ein god stad å lære, seier han engasjert.

- Eg ser fram til å samarbeide med alle elevar, føresette og tilsette ved Stokksund skule, avsluttar han.

Velkomen til Herøy kommune!