Framleis viktig med vaksinasjon mot covid-19

Konstituert smittevernoverlege, Bjørn Martin Aasen. Iselin Nevstad Øvrelid Det ser ut til at sommarbølgja med covid-19 har gått over, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. Men vi må forvente at det til hausten eller vinteren vil kome ny bølgje.

- Denne sommaren har vi erfart at alle kan verte sjuke av covid-19, også dei som er vaksinert. Vaksinane har hatt ein god effekt, særskild for dei eldre og dei med alvorlege sjukdomar. Symptoma vert svakare, færre vert alvorleg sjuke og færre har behov for sjukehusopphald. Dette er gode nyheiter, seier kommuneoverlegen.

- I juli starta vi med tilbod om oppfriskingdose nummer to til personar over 75 år. Dette held vi fram med i august, då vil vi ha to vaksinasjonsdagar, ein i midten av august og ein i slutten av månaden. Datoane kjem i eiga kunngjering. På vaksinasjonsdagen i slutten av august  vil også alle over 65 år (fødde i 1957 eller før) få tilbod om oppfriskingdose nummer to. Dei over 65 år som ikkje har teke så mange doser, eller ikkje har teke vaksine i det heile, kan melde seg på, understrekar kommuneoverlegen.

-Vi må forvente at covid-19 er ein infeksjonssjukdom vi må leve med frametter, og at det vil kome "nye bølgjer» både til hausten eller vinteren. Vi må og forvente at det kan kome nye variantar etter kvart.  Som ved andre sjukdomar som kjem i slike bølgjer, er det vaksinasjon som er det beste vernet vi kan ha for å forebygge alvorleg sjukdom hjå flest mogleg. Så langt har den eldste del av befolkninga i kommunen ei særs god oppslutting om covid-19 vaksinasjonen. Allereie etter berre ein vaksinasjonsdag i juli har over 1/3 part av alle over 75 år teke oppfriskingsdose nummer to, seier ein nøgd kommuneoverlege.

Kommuneoverlegen sitt råd er:

-Er du over 65 år eller mellom 18 - 64 år og har underliggande sjukdom, så ta oppfriskingsdose no. Du vil finne meir detaljert orientering om vaksineringa i seinare annonse i Vestlandsnytt og på kommunen sine heimesider, avsluttar kommuneoverlegen.