Framskundar dose to for dei som har venta lengst

Canva Folkehelseinstituttet (FHI) framskundar dose to for dei som har venta lengst på andre dosen av covid-19-vaksinen. Dette fordi kommunane er tildelt fleire dosar enn tidlegare planlagt.

Det er nasjonale helsestyresmakter som avgjer når kommunane kan tilby dose 1 og dose 2 av koronavaksinen.

Alle over 18 år (fødde i 2003 eller tidlegare) kan få si første dose i første veka av august om dei bestiller time no.

Om det ikkje passar deg akkurat no, vil du få dose 1 også i vekene som følgjer.

Timebestilling finn du her.

Dei som har venta lengst får først

Etter siste tildeling kan vi dermed framskunde dose 2 for dei som har venta lengst.

- Det er vi glade for. Vi startar i veke 32, altså veka som startar 09.08.21. Vi kjem til å varsle dei som skal få framskunda time for dose 2 på SMS. Du skal difor ikkje ringe oss, men du får beskjed dersom det vert endringar for akkurat deg, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Sjølve flyttinga av timar skjer først i løpet av neste veke (Veke 31: 2. august - 6. august). 

Om du ikkje får endra time no, kan det bli endringar seinare. Det heng nemleg saman med kor mange dosar vi får frå FHI og endringar. Dette vert dermed vurdert frå veke til veke. Målet er sjølvsagt å få flest mogleg av innbyggjarane i Herøy fullvaksinerte så raskt som råd er.

Ved særskilde høve tilpassar vi

Fiskarar, offshorearbeidarar og andre som må ha tilpassa sin time for dose 2, kan ta kontakt med oss på tlf. 469 15 360, så strekkjer vi oss langt for at du skal skal få vaksinen den veka som høver deg best.