Frikortet for helsetenester blir digitalt

Klikk for stort bileteI april 2021 sluttar Helfo å sende frikortet i posten til innbyggarar som tidlegare har logga seg på helsenorge.no eller som har digital postkasse.

Innbyggarar som oppnår frikort, blir varsla per SMS eller e-post, slik at dei enkelt kan logge seg inn på tenesta Frikort og eigendelar på helsenorge.no. Her finn ein også vedtaksbrevet.

Brukarar som korkje har registrert seg på helsenorge.no eller har digital postkasse (Digipost eller e-Boks) vil framleis motta frikortet på papir. Dette gjeld 20 prosent av innbyggarane som oppnår frikort.

Tenesta Frikort og eigendelar på helsenorge.no har over tid blitt forbetra. I dag treng dei færraste å vise frikortet sitt, fordi behandlarar og apotek brukar frikortspørringa for å undersøkje om ein innbyggar har oppnådd frikort. 

Dei som treng å vise frikort kan hente fram frikortet på mobilen og vise til behandlar. Det er også mogleg å ta skjermdump av det digitale frikortet, eller skrive ut vedtaksbrevet. 

Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Med frikort slepp du å betale eigendelar for resten av kalendaråret. 

Les meir her: