Frivilligsentral og bibliotek stengt deler av veke 48

 

Den 29. november starter det med betongsaging  ved Herøy kulturhus.  Dette er ein del av fasaderehabiliteringa og det vil verte ein del støy.

Herøy frivilligsentral og Herøy folkebibliotek vert derfor stengt slik:

Biblioteket:

Biblioteket vil vere stengt fram  til fredag. Tilsette vil tilgjengeleg på telefon, e-post og Facebook. Det er ikkje mogeleg å få lånt bøker, men du kan fornye, reservere og bestille fjernlån. Innleveringskassene utanfor kulturhuset og på Kiwi i Myrvåg er tilgjengeleg for innlevering, Det vert ikkje sendt purringar desse dagane.

Frivilligsentralen:

Herøy frivilligsentral vert stengt heile veka. Dette betyr at det ikkje vert måndagstreff, strikkekafe, høyrselhjelp og fredagstrill i veke 48.
Middagsbringing og natteravning går som normalt.


Treng du kontakt med frivilligsentralen kan du ringe eller sende e-post.