Gir seg etter snart 45 år

Klikk for stort bileteOddrun F. Strand vert no pensjonist etter 45 år som helsesjukepleiar i Herøy kommune. Iselin Nevstad Øvrelid Oddrun F. Strand har jobba i Herøy kommune i snart 45 år. No vert ho pensjonist.

Mange av innbyggjarane i Herøy kommune har hatt noko med henne å gjere i stillinga som helsesjukepleiar, men no er det slutt. Siste del av ferien er ho godt i gang med, og frå årsskiftet er ho pensjonist på fulltid.

- Det er ei tid for alt, seier ho.

- Det er klart det vert rart å ikkje skulle gå på jobb, men det er no noko med å gi seg medan helsa framleis er god, seier ho med eit smil om munnen.

Kunnskapsrik med mykje livserfaring

Kollegaene kjem med mange godord, og tykkjer det vert rart å ikkje finne henne på helsestasjonen meir.

- Oddrun er no ei dame med mykje livserfaring og kunnskap. Det er klart at det vert ei stor arv å ta opp etter henne, seier leiande helsesjukepleiar, Kari-Janne Ljones Kulø, som seier Oddrun er meir som ein institusjon når ein har arbeidd på same arbeidsplass så lenge.

Klikk for stort bileteKari-Janne Ljones Kulø, leiande helsesjukepleiar ved Herøy helsestasjon. Iselin Nevstad Øvrelid  - Det er klart det er ein grunn til at eg har vore her i 45 år. Det har vore ein god arbeidsplass, med høg trivselsfaktor og eit variert yrke som langt ifrå er rutineprega, fortel den komande pensjonisten på 67 år.

Ho starta i Herøy kommune januar 1976, og sett bort ifrå at ho arbeidde som sjukepleiar på sjukeheimen i to år, er det helsesøster/helsesjukepleiar ho har arbeidd som.

Ny tid – nye arbeidsoppgåver

Oddrun F. Strand har gjennom alle desse åra vore innom det meste som helsesjukepleiar, frå miljøretta helsearbeid, barnekontrollar, vaksinering og skulekontrollar. Ho fortel om ei tid der arbeidsoppgåvene var heilt annleis enn i dag. Det var mellom anna tuberkulosearbeid, synfaringar av institusjonane, skulane og butikkane.

- Før gjorde alle alt, no er det meir spesialisert. Tidleg i leiken hadde vi som var helsesøstrer, som det vart kalla tidlegare, mange oppgåver som per i dag ligg til Mattilsynet. Det er heilt utenkeleg at vi skulle ha gjort det i dag, mimrar ho.

 

 

- Arbeidsoppgåvene har endra seg i takt med samfunnet elles. I dag jobbar vi med individ, grupper og samfunn, men vi arbeider mest med barn og unge.  Det er bra at vi i dag kan sjå meir heile mennesket, både når det gjeld tilknyting og samspel. Vi er meir observante, så vi kan lettare oppdage avvik, fortel ho og legg til:

- Vi gir meir rettleiing i dag enn for snart femti år sidan. For ein del familiar er ikkje lenger kjernefamilien det den ein gong var. Mange som tidlegare rådførte seg med foreldre og besteforeldre, nyttar no helsestasjonen til det same. Det er slik samfunnet har endra seg. Det er ei naturleg utvikling når råda som ein fekk for ein generasjon tilbake også har endra seg. Dessutan er vi i ei tid der mange besteforeldra jobbar mykje lenger, og dagens foreldre gjerne vil klare seg i størst mogleg grad sjølv, påpeikar ho og seier at ho møter veldig mange flinke foreldre i jobben sin.

- Vi var dessutan mykje meir på heimebesøk tidlegare enn vi er no. Det var noko som eg tykte var fint, for då fekk ein sjå barn på ulike arenaer, fortel Oddrun F. Strand.

Har planen klar

- Kva skal du bruke tida di på no då framover?

- Det vert nok mykje kulturelle ting, og Bergsøy blandakor, så klart. Eg ser også fram til å få meir tid til å trene. Elles blir det vel meir tid til hus og hage, men eg satsar på at vi også får til både litt reising, båtliv og farting med bubilen, seier ho.

Vi ønskjer henne til lukke med pensjonisttilværet og takkar for innsatsen i Herøy kommune!