Gjensynsglede ved omsorgssenteret

Klikk for stort bileteHans Nikol Kopperstad saman med kona Klara Antonia Kopperstad og dottera Bjørg Kopperstad Remøy. Det er godt å få sjå kvarandre igjen. Iselin Nevstad Øvrelid Det manglar framleis på varme, gode klemmar, men gjensynsgleda er stor over å endeleg få sjå sine nære og kjære igjen.

Gradvis startar ein attopning igjen, men med strenge smittevernreglar.

Klara Antonia Kopperstad og Hans Nikol Kopperstad er begge bebuarar ved Herøy omsorgssenter, og har vore det sidan januar i 2019. Dei var svært glade for å sjå barna sine igjen etter mange veker med berre telefonkontakt og videosamtalar på nettbrett.

- Det var fantastisk å få sjå video heimafrå. Eg fekk sjå smålamma på video, sjølv om eg aller helst skulle ha vore der og teke del i lamminga sjølv, fortel Hans som er tidlegare bonde og fiskar.

- Men eg slit med knea, og kroppen er sliten etter eit langt liv, så då har eg det godt her, fortel han med eit smil.

Drive garden og fiske

Både Hans og kona Klara er frå Kopperstad, og har gjennom eit langt liv drive gard. Då Hans var vekke på sjø i seks veker, var det det Klara som tok dei harde taka med stell av 8-9 kyr og alt anna som høyrde gardslivet til, i tillegg til å ta seg av dei fire borna.

- Ho har vore driftige heile livet ho Klara, skryt Hans av kona si.

Ho var 90 år i desember. Han vert 94 år til sommaren.

Den gode samtalen

Innanfor dørene på besøksromet ved raud avdeling har dei fått besøk av dottera Bjørg Kopperstad Remøy. Saman snakkar dei om kva som er nytt og Bjørg tek fram strikket som ho held på å gjere ferdig. Det skal verte ferdig før dei to barnebarna som er venta til sommaren kjem til verda. Då er det viktig å få godkjenning frå Klara.

Klikk for stort bileteKlara Antonia Kopperstad hugsar gamle kunstar og godkjenner strikkeprosjektet til dottera Bjørg Kopperstad Remøy. Iselin Nevstad Øvrelid  - Det ser fint ut dette kommenterer, Klara.

Sjølv om sjukdomen ho har, pregar hugsen, sit gamal lærdom i fingrane. Men strikkinga har ho gitt seg på.

  - Ja, ho mor ho slutta å strikke då ho måtte flytte hit. Men ho har strikka sin del i livet. Det var aldri eit ledig sekund med henne, minnast dottera Bjørg.

- Då ho venta på at middagen skulle verte ferdig, brukte ho ofte å finne fram strikketøyet. All tid skulle nyttast, seier ho muntert.

Rosar personalet

Både Hans og dottera Bjørg skryt veldig av personalet ved omsorgssenteret, og då spesielt av raud avdeling, der då begge foreldra hennar no bur.

- Det har vore lange veker, men vi har klart oss godt og det manglar ikkje på omsorg her. Dei er så merksame dei som jobbar her, at eg brukar å seie at dei har auge atti nakken. Dei får med seg alt og gjer ein kjempejobb, fortel Hans med stor innleving.

- Det er klart det er kjekkast å endeleg få prate saman andlet til andlet, seier Hans vidare som er glad for at han har kona Klara saman med seg når det først skulle gå slik at alt vart stengt ned.

- Men eg hadde aldri trudd at eg skulle oppleve ein pandemi. Nei, det trudde eg verkeleg ikkje, seier han tankefullt.

- Det har eigentleg gått veldig fint. Når eg har snakka med dei, får eg alltid spørsmål om det er noko nytt. Det har skjedd veldig lite, for vi også har berre halde oss heime, så då er det lite nytt å fortelje eigentleg. Så på den måten har det vore likt for oss alle, seier Bjørg.

- Men det er klart det er vanskeleg å ikkje få gi mor og far ein klem, men vi forstår no kvifor det er viktig og håpar at reglane vert mjuka opp etter kvart. Det hadde nok gjort godt for oss alle med ein klem no, avsluttar ho med eit smil.

Klikk for stort bileteDottera Bjørg fortel siste nytt og viser fram strikket til mor si, Klara. Iselin Nevstad Øvrelid