Graving ved Bergsøy skule frå 7. september
Ver merksam på at selskapet Linja (tidlegare Mørenett) skal grave og gjere anna arbeid ved Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen.
Sirkelen viser kvar det skal gravast.
Linja
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 06.09.2023 15:34
Sist endra 06.09.2023 15:34
Linja har feilsøkt på straumkabelen i Bergslia og funne ein mogleg feil ved Blåhaugen skule.
Derfor må dei grave nær skulen ein periode frå 7. september.
Arbeidsstaden vil bli sikra, men alle som ferdast i området bør vere merksame, slik at vi unngår uhell.