Hald barna våre trygge på nett, oppmoding til felles foreldredugnad

Klikk for stort bileteBarn og unge treng hjelp av kloke vaksne for å navigere trygt gjennom alle plattformar dei er innom i løpet av ein dag. Moustphotos Koronakrisa har sett ein stoppar for det meste av sosial samhandling mellom barn og unge i landet vårt. Skular, kulturskular, idrettslag og andre fritidsaktivitetar har fått pålegg om stenging av dørene, og vi veit ikkje kva tid «verda er i normalt gjenge igjen».

Dette er ei utfordrande tid for både barn og vaksne. Mange er uroa for om sjukdom skal ramme dei sjølve eller sine næraste, og mange barn og unge kan vere redde, utan heilt å klare å ta inn over seg omfanget av denne situasjonen.

Stenging av alle våre sosiale arenaer der vi treffast fysisk, har flytta både skuledagen og barn og unge sitt sosiale liv over på internett og inn i ulike sosiale media.

Dette er sosiale arenaer som er vanskelege å handtere for både barn og vaksne.  Fleire av skulane våre uttrykker uro for om elevar kan oppleve krenkingar eller kjenne seg utrygge i det sosiale miljøet på nett.

Vi vil gjerne fokusere på dette med utestenging og mobbing på nett, då vi veit at barn opplever dette. Det er ikkje greitt. Slik situasjonen er no, blir det gjerne meir tid til speling og bruk av sosiale media enn i vanlege veker der alle fritidstilbod går som normalt.

Barn og unge treng hjelp av kloke vaksne for å navigere trygt gjennom alle plattformar dei er innom i løpet av ein dag. Det handlar om videomøte i skulen sin regi, chat og videomøte avtalt av elevane sjølve på t.d. google hangout, grupper på snap, med eller utan tillegga som opnar for anonymitet, Tik Tok eller online spel der dei kan spele og snakke med andre. Alle onlinespel og sosiale media har ei anbefalt aldersgrense på 13 år eller høgare, men vi veit at mange av desse appane er i bruk og særs populære mellom elevar ned i 2. og 3. klasse.

Beredskapsteamet i Herøy vil oppmode alle foreldre i grunnskulen til ein fellesdugnad for å trygge barna i kommunen:

  • Følg med på kva arena barna dine deltek på. Ta deg tid til å lytte på kva «sjargong» barna har på nett. Korleis snakkar dei til kvarandre? Kven er dei saman med? Er det nokon som blir stengt ute? Er det nokon som opplever å bli kicka (sparka ut) av spelet? Nokon i klassa som ikkje får vere med i snapgruppe?
  • Vi ber vaksne om å ta spesielt ansvar for dei barna i klassen som kanskje strevar med ting, eller ikkje har så mange venner. Ikkje gløym dei som kanskje ikkje naturleg blir inviterte inn i chatten, som ikkje blir valde i duo (2-mannslag) eller squad (større lag) i Fortnite, som ikkje blir invitert med på same Minecraft-server som gjengen i klassa. Dette er vårt ansvar som vaksne, snakk med barna og prøv å oppmuntre dei til å hugse alle i klassa.
  • Norsk lov gjeld også på nettet. Nettmobbing er ulovleg og heilt uakseptabelt. I desse dagar der vi kommuniserer med kvarandre via eit kamera på ein Chromebook, Ipad, telefon eller PC er det viktig å ha fokus på ulovleg filming og bildedeling. For dei yngste barna, som er under strafferettsleg alder(15 år) er det vi foreldre som er ansvarlege for det som skjer mellom dei også på nettet.
  • Snakk om kva som er greitt og ikkje greitt å seie på nett når dei er på chatt eller kommenterer innlegg på Instagram, snap eller Tik TOK. Både barn og vaksne kan lett bli «troll» når vi kommuniserer skriftleg og ikkje ser ansikt og reaksjon hos den som fekk kommentaren. Når vi skriv, er det lettare å vere hardare i språk og ordval enn om ein skulle sagt det i møte med kvarandre. Dette må vi stadig minne kvarandre på.

Kven kan hjelpe dersom det har gått gale?

  • Alle sosiale media har «politipatrulje» som kan taggast dersom ein kjem bort i ulovleg innhald. Døme: på Tik Tok - @politivest, dersom du taggar dei på ein video, får dei den på sin «feed» til undersøking.
  • Slettmeg.no – hjelp til å slette bilete som er delt utan samtykke, eller kontoar/brukarar oppretta ved identitetstjuveri eller «hacking»
  • Medietilsynet tips i forhold til sosiale medier
  • Mobbeombodet i Møre og Romsdal Kristin Øksenvåg 71 28 04 33 / Mob. 911 40 259