Har du innspel om ruteendringar for neste år?

Klikk for stort bilete

Den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene vil starte i august 2019. Endringar vil gjelde frå 1.mai 2020. Om du har innspel, er det viktig at dei kjem fram no.

Herøy kommune vil ha innspel frå innbyggarane

Det er viktig at du som innbyggar seier di meining om rutetilbodet på ferje, hurtigbåt og buss dersom du ser at noko kan endrast til det betre.

Herøy kommune samlar og samanstiller innspela til Møre og Romsdal fylkeskommune etter at høyringsfristen er ute. 

Høyringsfrist: 31. mai.

 

Korleis melder eg inn innspel?

Du kan sende oss melding på fleire måtar: 

Du kan sende brev til Herøy kommune:

Herøy kommune

Postboks 274

6099 Fosnavåg

Du kan også sende innspel på e-post til oss her.