Har du innspel til ruteendringar?

Klikk for stort bileteHar du innspel om rutetilbodet? Her kan du seie di meining.Den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene vil starte i august 2020. Endringar vil gjelde frå 1.mai 2021. Om du har innspel, er det veldig viktig at dei kjem fram no.

Herøy kommune vil ha innspel frå innbyggarane.

Det er viktig at du som innbyggar seier meininga di om rutetilbodet på ferje, hurtigbåt og buss dersom du ser at noko kan endrast til det betre.

Herøy kommune samlar og samanstiller innspela til Møre og Romsdal fylkeskommune etter at høyringsfristen er ute. 

Frist for innspel: 30. mai 2020.

 

Korleis melder eg inn innspel?

Du kan sende oss melding på fleire måtar: 

Du kan sende brev til Herøy kommune:

Herøy kommune

Postboks 274

6099 Fosnavåg

Du kan også sende innspel på e-post til oss her.