Har du lyst til å bli støttekontakt?

Klikk for stort bileteLisa Dragsnes oppfordrar fleire til å bli støttekontakt. Iselin Nevstad Øvrelid

Har du lyst å bidra til at andre får ei meir meiningsfylt fritid? Gi venskapeleg hjelp eller rådgjeving?

- Eg har hatt den beste dagen på lenge. Eg er så glad for å vere til nytte, seier Linda Dragsnes engasjert.

I haust starta ho som støttekontakt i Herøy kommune, og til saman brukar ho seks timar i veka på å stille opp for nokon som har behov for det. Ho meiner det gir henne veldig mykje.

- Ein kan bruke to timar eller fire timar, eller annakvar veke for den del. Alt etter mottakar av tenesta sine behov og kva du ønskjer sjølv, fortel ho.

- Vi har behov for fleire

Helse og omsorg har behov for støttekontaktar til personar som av ulike grunnar har behov for bistand. Det kan vere personar som til dømes har nedsett funksjonsnivå, høg alder eller sosiale utfordringar. Som støttekontakt vil du dermed bidra til at dei personane får ei meiningsfylt fritid og eit meir sosialt liv. Du vil hjelpe personar til å styrke hans eller hennar fritidsinteresser og sosiale nettverk.

- Ein treng eigentleg berre om å vere eit medmenneske og kunne lytte. Eg er veldig sosial og likar å verte kjend med nye menneske, for meg var dette ein vinn-vinn-situasjon. Eg vart ufør i vår, og følte eg ønska gi noko tilbake til andre når eg hadde høve til det, fortel Dragsnes som oppfordrar fleire til å prøve å vere støttekontakt. 

- Det gir meg noko ekstra i kvardagen, seier ho med eit smil.

Ta kontakt

Herøy kommune treng både menn og kvinner, eldre og yngre. 

Her kan lese meir om støttekontakttenesta. I lenkja finn du også meir informasjon om kven du skal kontakte dersom dette er noko for deg! 

Vi håpar å høyre frå deg!