Har fått 1,6 millionar kroner i tiltakspakke

Klikk for stort bileteHerøy helsesenter er eit av bygga som har fått midlar frå tiltakspakken. No vert det nymåla.Eigedomsavdelinga har fått tildelt 1,6 millionar som tiltakspakke. Midlane skal – etter vedtak i Formannskapet 30.06.2020 - brukast til følgjande:

Måling av bygg:

  • Herøy omsorgssenter
  • Herøy helsesenter
  • Einedalen skule

Solskjerming:

  • Herøy omsorgssenter
  • Einedalen skule

Opparbeiding av parkeringsplass:

  • Herøy omsorgssenter 

Arbeidet startar opp så snart som råd er.