Har levert inn tilbod

Eigedomsavdelinga har no sendt tilbod til Politiets Fellestjeneste om leige av lokale for Herøy og Sande lensmannskontor i eit mogleg tilbygg til Herøy rådhus. Tidlegare moglegheitsstudie for rådhuskvartalet er i den samanheng vidareutvikla til skisseutkast #1.

Klikk for stort bileteSkisseutkast #1 Norconsult AS

Fristen for å levere tilbod gjekk ut fredag 28.06.2019 og tilbod er no innsendt frå Herøy kommune. Samstundes arbeidar eigedomsavdelinga vidare med å ferdigstille konkurransegrunnlag for eit tilbygg og sende dette ut til fire prekvalifiserte leverandørar. 

Moglegheitsstudia for rådhuskvartalet er vidareutvikla til eit skisseutkast. Dette vert oversendt til kommunestyret for handsaming i august 2019 saman med forslag til finansiering av prosjektet.