Helsedirektoratet vedtek stenging av verksemder

Klikk for stort bilete Mostphotos Helsedirektoratet har vedtatt stenging av ei rekkje verksemder for å stoppe spreiing av koronaviruset (covid-19). Vedtaket gjeld frå kl 00.00 måndag 16. mars 2020.

Gjeld frå 16. til 26. mars

Vedtaket gjeld følgjande verksemder i offentleg og privat regi utanfor spesialisthelsetenesta, med mindre verksemda kan ivareta helsestyresmaktene pålegg om smittevern:

a) Fysioterapeutar, herunder manuellterapeutar

b) Kiropraktorar

c) Optikarar

d) Fotterapeutar

e) Logopedar

f) Psykologar

g) Verksemder som utfører komplementær og alternativ medisin

h) Verksemder som utfører alternativ behandling

i) Andre verksemder utanfor spesialisthelsetenesta som tilbyr tenester som ikke vert sett på som nødvendig helsehjelp der tenesta involverer fysisk personkontakt med mindre enn to meters avstand og med tidslengd over 15 minutt, herunder aktivitørar, tannpleiiarar mv.
Unntak:

Føresetnaden er at kommunane sikrar at pasientar framleis får dekka sitt behov for heilt nødvendig helsehjelp.

Dette kan til dømes omfatte pasientar med behov for helt nødvendig rehabilitering og behandling etter akutt alvorleg sjukdom, eller nødvendig behandling for å oppretthalde viktig funksjon som elles kan gå tapt.

Dersom slik behandling må gis, skal smitteverntiltak sikre både behandlar og pasient frå smitte og sikre at vidare smitte til befolkinga vert unngått.