Her er utviklingsavdelinga vår!

Klikk for stort bileteHer er gjengen som arbeider i avdeling for utvkling: Bak frå venstre: Ole Magne Rotevatn, Frank Robert Stenersen, Eivind Flåskjer og Espen Bergø.Framme frå venstre: Tanja Rafteseth, Erlend Sporstøl Vikestrand og Marie Frøystad Voldsund.

Kjenner du til utviklingsavdelinga i Herøy kommune? Dei har ansvaret for alt frå byggeplanlegging til ulike karttenester i vår kommune. Dersom du har eit byggjeprosjekt på gang, er det denne gjengen du møter i søkeprosessen.

Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

Avdelinga ligg under sektor for Samfunnsutvikling og har arbeids-/ansvarsområde innan planlegging, byggesakshandsaming og kartverk/oppmåling.

Dei som lagar planar

Ole Magne Rotevatn er leiar for denne avdelinga, og han har  fagansvaret for plansaker. Med seg har han Tanja Rafteseth og Erlend Sporstøl Vikestrand som planleggarar. Dei lagar til dømes kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar samt ulike temaplanar og utgreiingar knytta til kommunen si vidare utvikling.

Byggesakshansamarane

Eivind Flåskjer har fagansvar for byggesaker og har med seg Frank Robert Stenersen og Marie Frøystad Voldsund som byggesakshandsamarar. Arbeidet omfattar dispensasjonar frå kommuneplanen, frådelingssaker, nybygg, tilbygg, bruksendring og tilsyn med ulovlege tiltak.

Geoingeniørane

Geoingeniør Espen Bergø og Marianne Bolstad Andresen har ansvar opp mot statens kartverk og ajourhald av kommunen sine karttenester. Dette medfører oppmåling av tomter, tilleggsareal, utstikking av bygg med etterkontroll, klarlegging av grenser, utarbeiding av matrikkelbrev for nye eigedomar og seksjoneringar. Dei har også ansvar for å flyge drone for kartlegging, kontroll eller tilsyn. Fagansvaret for rasvurderingar ligg også til geoingeniørane. 

Klikk for stort bileteMarianne Bolstad Andresen er nytilsett ved utviklingsavdelinga, og skal jobbe med geodata.