Her finn du praktiske smittevernreglar for samlingar inntil 50 personar

Mostphotos Regjeringa har fastsett reglar for samlingar inntil 50 personar gjeldande frå 07.05.20.

I rettleiaren står det blant anna:

Fra 7. mai blir det tillatt med arrangementer på offentlig sted for inntil 50 personer.

  • Dette vil gjelde der det er mulig å holde avstand på minst 1 meter mellom personer som ikke er i samme husstand.
  • Det gjelder bare arrangementer på offentlig sted med en ansvarlig arrangør som har oversikt over hvem som er tilstede.
  • En ansvarlig arrangør er viktig for å sikre rask smittesporing hvis det skulle bli nødvendig, og for at noen skal være ansvarlig for at rådene om avstand og smittevern kan følges.
  • Arrangementer uten ansvarlig arrangør er ikke tillatt.

Det kan vere politiske nemnder og utval, styremøter i organisasjonar og foreiningar, foreiningsmøter, årsmøter, møter på bedehus eller liknande.

Det er mange praktiske spørsmål som melder seg når slike arrangement skal gjennomførast.

Det er difor laga nokre presiseringar som kan vere til nytte for arrangørar slik at godt smittevern kan ivaretakast:

  1. Arrangementet skal vere på offentlege stad. Det betyr rådhus, kultur- og grendahus, konserthus, kino, bedehus, forsamlingslokaler, skular osv.
  2. Det skal vere ein namngjeven ansvarleg arrangør.
  3. Det skal vere skriftleg oversyn over kven som har vore til stades på arrangementet, og dette skal vere tilgjengeleg i inntil 2 veker dersom det oppstår smitte som må sporast mellom dei som var til stades. Arrangøren er ansvarleg for det.
  4. Det skal vere 1 meter avstand mellom deltakarane. Dei som tilhøyrer same hustand/bur saman kan sitte saman.
  5. Lokalet skal reingjerast før og etter bruk. Det skal leggast vekt på godt overflatereinhald og godt reinhald av toalett for å unngå kontaktsmitte.
  6. Personar med forkjølingssymptom/luftvegsinfeksjonar har ikkje løyve å delta. Du skal ha vore frisk i minst eit døgn etter førkjøling/luftvegsinfeksjon før du kan delta.
  7. Alle som deltek skal utføre god handvask/eventuelt spritvask før dei går inn i lokalet, og når dei forlet lokalet.
  8. Det er forbode å servere mat frå sjølvbetening/buffet/fat som vert sendt rundt. Mat skal vere anretta på tallerken til den einskilde.
  9. Kaffikanner skal ikkje sirkulere på borda, kaffi skal serverast frå ei kanne av ein person pr. kanne.
  10. Ved billettsal/loddsal skal det ikkje nyttast kontantar, kun VIPPS eller anna kontantfri betaling. Det skal ikkje sendast rundt loddbøker. Berre ein person kan skrive i ei bok.

Dersom disse reglane vert følgde sikrar de godt smittevern for alle som deltek.

Reglane kan verte endra når helsestyresmaketene endrar sine tilrådingar.