Herøy 10 på topp 2022

Teke frå Hornseten - Klikk for stort bileteUtsyn til Remøybrua Lene Utseth   Herøy 10 på topp skal vere klart til påske. Vi har mange flotte turar i Herøy, og vi håper på mykje godt turver.

Konvoluttane som inneheld klippekort, forklaring til toppane og kart, skal vere klare for sal før påske, fredag 08. april, seinast kl. 18.00.

Konvoluttane kan du kjøpe ved: 

  • Intersport Fosnavåg
  • Handelshuset, Joker på Nerlandsøya
  • Coop i Tjørvåg
  • Coop på Moltu
  • Coop på Leikong
  • Kiwi i Myrvåg
  • YX på Eggesbønes
  • Servicetorget ved Herøy rådhus

Om betaling:

Ein konvolutt kostar kr. 100,-. For utsalsstadane sin del ynskjer vi at du betalar med Vipps. 

Vipps til: 516813 - merk vipps med namnet på staden du kjøpte det, eks: Coop Leikong

Toppane for 2022:

1A

Kammen, Remøya

1B

Hornseten, Bergsøya

2A

Vardane/Lynken, Remøya

2B

Herøy gard, Nautøya

3A

Skåla, Tjørvåg

3B

Skaret, Sandvika

4A

Hidsegga, Moltu

4B

Mørkevatnet, Moltu

5A

Rjåhornet, Nerlandsøy

5B

Teigetua, Nerlandsøya

6A

Leinehornet, Leinøy

6B

Heid tursti, gapahuken

7A

Igesundvarden, Bergsøya

7B

Golleneset, Kvalsvika

8A

Rambjøra, Myrvåg

8B

Kvia, Moltu

9A

Vardeheida, Frøystad

9B

Svartevatnet, Frøystad

10A

Gyrinakken, Leikong

10B

Dynamittskuret, Leikong

11A

Huldrehornet, Myrvåg

11B

Lysløypa, Leikong

12A

Rjåhornet, Gurskøy

12B

Djupvikvatnet, Myrvåg

 

A- og B-turar:

B: 0 - 12 år         5 klipp/turar - kortet må merkast med alder
A: 13 - 69 år      10 klipp/turar 
B: 70+ år           5 klipp/turar  - kortet kan merkast med alder

Personar med nedsett funksjonsevne: 5 klipp/turar

Har du helseplager, kan du sjølv vurdere å gå B-turar, eller kombinere desse med A-turar. Du treng ikkje dokumentere dette. Det som er viktigast, er at du kjem deg ut!

Om premiering:

Dei tre første gongane du fullfører får du bronsemedalje, dei tre neste sølv og dei tre neste gull. Fullfører du 10 gongar, får du pokal.

Premiering etter fullførte 10 år: Same som over, men litt andre typar medaljar og sjølvsagt litt større pokal ved 20 fullførte år! Det er 22 personar som har moglegheit å få denne pokalen i år. 

Det vert trekt ut ein vinnar blant dei bedriftene som deltek, som får ei fruktkorg sponsa av Meny Fosnavåg.

Intersport Fosnavåg sponsar ein premie for vaksen og ein for born.

Hund

Det er viktig at også hunden får lufte seg. Vi oppmodar om å ha hunden i band og ta med hundepose.

Innlevering

Innlevering av kort er 20. oktober.

Ha eit fint turår. 

- Prosjektleiar, Lene Utseth