Herøy 10 på topp i vinden som aldri før!

Klikk for stort bilete

Antal deltakarar aukar, veldig kjekt at mange kjem seg ut i naturen. 

Mange deltakarar!  

Aldri har det vore seld så mange 10 på topp  kort som i fjor! Heile 942 kort! 485 personar klarte å fullføre. Berre eitt år tidlegare har fleire fullført. Det var i 2016, då var det 20 fleire som fullførte.

Ordninga er eit kommunalt lavterskel aktivitetstilbud for å få fleire på tur ut i Herøynaturen. Prosjektet starta i 2002 og er altså no, etter 17 år, meir populært enn nokonsinne.

Kort for 2019 vert lagt ut før påske. Vi gler oss! Gjer du?