Herøy kommune gjer det enklare å bestille time til vaksinering

Klikk for stort bileteVaksinenytt 

Alle over 18 år (fødde i 2003 eller før), busette i Herøy, som ikkje har fått time til vaksinering kan no bestille seg time sjølv på kommunen si heimeside.

Dette gjeld både dei som har registret seg og dei som ikkje har registrert seg for vaksinering til no. 

Timane du kan bestille gjeld frå veke 29 og frametter. Du gjer timebestilling for både dose 1 og dose 2 og registrering av helseopplysningar i same operasjon. 

Du må ha bank ID for å bestille time på denne måten. 

Bestillinga gjer du her.

Turnusarbeidar i fiskeri og offshore

Dersom du arbeidar turnus i fiskeri eller offshore kan vi tilpasse tidspunkt for dose 2, men du skal uansett først bestille time for dose 2 i bestillingsløysinga vår. Les her om tilpassing av tid for dose 2.

Slutt med varsling på SMS

Samtidig sluttar vi å sende ut varsel om bestilling av time på SMS til dei som tidlegare har registrert seg.

Utlegging av timar

Kvar måndag kl. 8.00 frametter legg vi ut nye timar til vaksinering tilpassa den vaksineleveranse vi får.  Du kan då sjølv velje tidspunktet som passar best for deg dei neste 3-4 vekene. Det er 12 veker mellom dose 1 og 2, og du får tildelt time til begge doser samtidig.

Dersom du har tekniske problem bør du vente litt og forsøke igjen å bestille time. Det kan skuldast stor trafikk på bestillingssystemet

Har du vanskar med å bestille elektronisk? 

Har du ikkje bank-id kan du ring 469 15 360 for å få oppsett time.