Herøy kommune har motteke vel 1,1 mill. til bygging av gang- og sykkelveg gjennom Fosnavågparken.

Klikk for stort bilete Det er gjennom tilskotsordninga "Tiltak for auka sykkelbruk" at kommunen har fått innvilga midlane frå Statens vegvesen. Vegen kjem i bakkant av klatreparken.

Tildelinga inneber at vi har fullfinansiering på prosjektet med gang-/sykkelveg frå Djupedalen og frå sentrum, via parken opp til Jordmor Helgas veg. Midlane utgjer halvparten av totalkostnaden i prosjektet og inkluderer også belysning.

Vi vonar at tiltaket vert attraktivt for at fleire vil gå og sykle til sine gjeremål.