Herøy kommune inviterer til folkemøte om budsjett og økonomiplan

Førstkomande måndag, 1. desember kl. 18, inviterer ordføraren med fleire til folkemøte på biblioteket i Fosnavåg sentrum.

Fosnavåg sentrum - Klikk for stort bilete Wenche Moltu

Kommunen vil presentere budsjettframlegget for 2026 og økonomiplanen for perioden 2026–2029, som no ligg ute til offentleg ettersyn. Framlegget er utarbeidd i fellesskap av Høgre, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Folkelista og Industri- og næringspartiet.

Kva skjer på møtet?

  • Presentasjon av budsjettframlegget for 2026 og økonomiplanen for 2026–2029
  • Informasjon om korleis du kan kome med innspel
  • Høve til å stille spørsmål

 

Velkomen til møte, vi håper DU har anledning til å ta turen til biblioteket i Fosnavåg!