Herøy kommune på toppti i fylket

Klikk for stort bilete

Herøy kommune har i 2019 fått den beste plasseringa på kommunebarometeret sidan den første gong var lansert i 2010, og vi er på 70. plass av landets 422 kommunar og på 5. plass i fylket.

Kommunen har hatt ei flott utvikling på Kommunebarometeret dei siste åra, og lagt grunnlag for gode kommunale tenester – noko som er ein grunnstein for utvikling og vekst i lokalsamfunnet.

Kommunebarometeret er ein årleg rangering av alle kommunar, gjort av Kommunal Rapport på basis av offentleg tilgjengelege data frå offisielle kjelder. Litt forenkla kan vi seie at Kommunebarometeret måler Norges beste kommune. Første rangering vart publisert i 2010. I 2019-barometeret er det inkludert 151 ulike nøkkeltal innan 12 ulike kategoriar. Kommunal Rapport tek ansvar for vekting, vurderingar og eventuelle feil i framstillingane, men føresett at kommunane har rapportert korrekt.

Føremålet med Kommunebarometeret er å gi eit lettfatteleg bilete av korleis kommunen presterer målt mot resten av Kommune-Norge, for å bidra til ein meir opplyst lokaldemokratisk diskusjon.

Kommunebarometeret er ingen  vurdering av om innbyggjarane får gode nok tenester, men om det ser ut til at kommunen har noko å læra av andre - basert på kor nær kommunen sine målbare resultat er kommunane med best resultat. Barometeret er heller ikkje ein konkurranse i å drive billegast, utan omsyn til tenestene.

Dersom vi samanliknar kommunane på Søre Sunnmøre, så kjem Herøy kommune på andre plass.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Samanliknar vi oss med kommunane i Møre og Romsdal, så kjem Herøy kommune på ein femte plass av totalt 36 kommunar – her er lista over dei 10 beste kommunane i fylket:

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Det er positivt at fem av dei sju kommunane på søre Sunnmøre er blant dei ti beste kommunane i fylket og vi må jobbe for at alle kommunane på søre Sunnmøre kjem på topp-ti.

- Ordførar Arnulf Goksøyr seier seg svært nøgd med den positive utviklinga ein no kan registrere. Systematisk og heilskapleg arbeid med kvalitetsforbetringar gir gledelige måltal. Gode haldningar blant dei tilsette i Herøy kommune gir grunn til håp om vidare forbetring samt ytterligare styrking av omdømet til kommunen som ein god organisasjon å arbeide i.  

 Herøy kommune vil jobbe vidare med fokus på kvalitet i tenestene innanfor fastsette rammer.