Herøy kommune på vinterkonferanse i Bergen

Klikk for stort bileteAlvilde framfor plakaten sin på Vinterkonferansen i Bergen.Norsk Geologisk Forening inviterte nyleg til Vinterkonferanse i Bergen, og Herøy kommune var tilstades. Det er ein arena for alle disiplinar innan geofaget med eit mål om å bidra til kunnskapsdeling, nettverksbygging, inspirasjon og faglig påfyll.

Tekst: Thomas Teige Sporsheim

- I samband med prosjektet «Møre Pilot» har Herøy kommune hatt midlar som studentar har kunne søke på. Dette har studenten Alvilde Krohn-Nydal frå NTNU i Trondheim fått for å realisere feltarbeid her i kommunen. Plakaten ho hadde laga presenterte området vårt, datasettet, metoder, tentative resultat og diskusjon av resultata, seier geodataingeniør Espen Bergø i Herøy kommune.

Ulike marine økosystem

Krohn-Nydal som kjem frå Stabekk, skriv masteroppgåve i naturgeografi om Sunnmøre.

- Konferansen er nyttig. Det var eit allsidig program frå alle tema innan geologi med hovudtemaet "Mineraler og metaller i grøne teknologiar". Det var ein fin plattform for å utveksle kunnskap og bli kjend med nye menneske. Det blei ofte poengtert korleis ulike prosjekt kan vere til nytte for samfunnet. Eit fint eksempel på dette er de nye "Marine Base Maps" fra Norges Geologiske Undersøkelse som viser kva havbotnen består av. Det er små partiklar på havbotnen som påverka blant anna ulike marine økosystem og botntilhøve som har mykje å seie for fundament for konstruksjonar på havbotnen, seier Krohn-Nydal til underteikna.