- Vi ser at dette er ein metode som fungerer godt, og vi ønskjer å ivareta innbyggjarane våre ved at vi ringer alle også i denne aldersgruppa, slik at alle skal vere sikre på at dei vert kontakta og får tildelt time, fortel kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.
Sidan ein del i denne aldersgruppa også har utfordringar med digital timebestilling er det for å trygge dei. Vi ønskjer likevel at du som kan det, førebur koronavaksinasjon ved å registrere deg på nettsidene våre med kontaktinformasjon og svare på nokre spørsmål om eiga helse. Det vil lette logistikken for oss når det er din tur å få vaksine. Om du ikkje ønskjer vaksine, vil vi gjerne at du registrerer deg likevel. Då veit vi at vi ikkje skal kontakte deg. Vi gjer merksam på at det er lov å endre meining seinare.
Det er dei tilsette i servicetorget som ringer og tildeler timar etter tur. Dei eldste først.
- Vi har litt over 100 personar att på lista over 80 år vi skal ringe til for å tildele time før vi startar på neste aldersgruppe, forklarar Bjørn Martin Aasen.
Dei få vi ikkje når per telefon, sender vi brev til i posten og ber om at ein sjølv eller pårørande tek kontakt med oss for å avtale vaksinasjon.
KOMMUNEOVERLEGE: Bjørn Martin Aasen.
Iselin Nevstad Øvrelid
- Alle i aldersgruppene frå 75 år og oppover skal vere sikre på at dei vert kontakta, forsikrar kommuneoverlegen.
Herøy kommune informerer på nettsida til Herøy kommune og i Vestlandsnytt når ein startar på aldersgruppa 75 – 79 år.