Herøy kommune styrkar ressursane knytt til smittevernarbeid

Klikk for stort bileteFrå venstre: Torill Myklebust, Bjørn Martin Aasen og Kristian Gottliebsen. Iselin Nevstad Øvrelid I samband med koronapandemien har Herøy kommune sett behov for å styrke ressursar knytt til smittevernarbeidet.

Frå 19. mars er difor Bjørn Martin Aasen engasjert som smittevernoverlege; i første omgang til 1. mai. Han skal ivareta kommunen sine oppgåver etter smittevernlova.

Kristian Gottliebsen ivaretek som før alle andre kommuneoverlegeoppgåver. Han har i tillegg ansvar for å koordinere smitteverntiltak ved Herøy legesenter. Torill Myklebust har tilsvarande ansvar ved Myrvåg legesenter.